Røyster mellom to land er ei varm og kraftfull konsertframsyning om val, draumar og uthald. Ho lyftar fram stemmer som ofte har stått i skuggen av dei store historiene – og let dei få klinga klårt.
Om framsyninga
Røyster mellom to land tek publikum med inn i eit rikt og sanseleg univers der arbeid, kvardag og store livsendringar glir over i kvarandre. Gjennom song, forteljing og levande historisk materiale møter me kvinner frå Vestlandet som, i hundreåret 1825–1925, valde – eller vart nøydde til – å forlate heimen og søkja eit nytt liv i Amerika.
Framsyninga vekslar mellom varme, humor og rå røyndom. Me får glimt av både det nære og det dramatiske: pakkelister sende frå Amerika, tronge lugarar, uvêr på havet, lange togreiser – og dei første møta med eit framandt kontinent.
I dette landskapet av arbeid, mot, frykt og von er det songen og forteljinga som bind alt saman. Musikken gjev stemme til det som ikkje alltid let seg seia, medan forteljingane dreg oss tett på livsvala, saknet og håpet. Gjennom heile framsyninga ligg òg spørsmålet om tilhøyring: Kvar høyrer me heime når livet har rive oss opp med rota?
Røyster mellom to land er ei varm og kraftfull konsertframsyning om val, draumar og uthald. Ho lyftar fram stemmer som ofte har stått i skuggen av dei store historiene – og let dei få klinga klårt, i eit rom som ber både tid, tru og menneskelege spor.
Framsyninga er ei vidareutvikling av podkasten Vågespel, lansert i 2025 i samband med utvandrarjubileet. Gjennom ti episodar fylgjer me norske kvinner frå Vestlandet som utvandra til Amerika mellom 1825 og 1925. Brev, dagbøker og munnlege forteljingar vert fletta saman med historiske kjelder og nykomponert musikk.
Medverkande
- Reidun Horvei – manusutvikling, song og forteljing
- Johanne Øvstebø Tvedten – forteljing
- Inger-Kristine Riber – manusutvikling, komponist og piano
- Katherine Jane Hanson - manusutvikling
- Gunnstein Akselberg - innleiing
Pris