KI-generert illustrasjon
  • Hending

Temakveld om framtidsfullmakt og digital tryggleik

Dato

Tirsdag 14. april 2026

Tidspunkt

kl. 18.00 - 20.00

Stad

Eidfjord Samfunnshus

Tysdag 14. april kl. 18-20 på samfunnshuset.

Om arrangementet

I samarbeid med Stiegler Advokatfirma og Vekselbanken vert det arrangert eit ope og gratis informasjonsmøte om framtidsfullmakt og digital sikkerheit.

Kva er ei framtidsfullmakt, og kva bør ho innehalde?

Tenk deg at du ein dag ikkje lenger kan ta viktige val for deg sjølv. Kven skal då gjere det for deg? I staden for at det offentlege skal bestemma, gjev du kontrollen til nokon du kjenner. Det handlar om tryggleik, kontroll, og om å gjera livet litt enklare for både deg og dine næraste.

Kva kan du sjølv gjera for å unnngå nettsvindel?

Dette er eit tema som berører oss alle, ung som gamal. Vekselbanken vil informera om digital tryggleik.

Praktisk informasjon

  • Gratis inngang for alle
  • 8. klasse sel kaffi og kaker før møtestart

Håpar å sjå deg denne kvelden, om du er 18 eller 90 år!

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Eidfjord fellesråd

Om staden

Namn

Eidfjord Samfunnshus