Me seier ofte at me ikkje har noko å skjule. Likevel legg me att detaljerte spor om liva våre kvar einaste dag – gjennom mobiltelefonen, bilen, klokka og nettet me bruker.
Men kven er det eigentleg som samlar inn desse opplysningane, og kva blir dei brukte til?
Med utgangspunkt i boka «Eg har ikkje noko å skjule» tek forfattar og journalist Eystein Hanssen oss med inn i den digitale røynda me alle er ein del av.
Her får du eit innblikk i korleis kommersielle aktørar, kriminelle miljø og statlege institusjonar kan vite meir om oss enn me kanskje likar å tru.
Hanssen, som i dag er leiar i Den norske Forfatterforening, er ein engasjerande formidlar av eit tema som vedkjem oss alle.