• Hending

SeniorUni: Svalbard - I skyggen av stormaktene

Dato

Onsdag 13. mai 2026

Tidspunkt

kl. 14.00 - 15.00

Stad

Eidfjord folkebibliotek

Digitalt føredrag på biblioteket onsdag 13. mai kl. 14 - 15

Svalbard har alltid vore meir enn is, isbjørnar og storslått natur. Øygruppa har i over hundre år vore eit geopolitisk vegkryss der stormaktspolitikk, naturressursar og strategiske interesser møtast.

I dette foredraget tek journalist og forfattar Birger Amundsen oss med inn i Svalbard si dramatiske historie – frå tidleg polarutforsking via den kalde krigen og fram til den spente situasjonen i Arktis i dag.

Foredraget gir innsikt i:

– Svalbard si særlege rolle i norsk og internasjonal politikk
– korleis stormaktene har forhalda seg til øygruppa gjennom historia
– kva betydning naturressursar, tryggleik og klimaendringar har i dag
– og kvifor Svalbard har blitt stadig viktigare i ei uroleg verd

Birger Amundsen er ein av Noreg sine fremste formidlarar av polarhistorie og har tilbrakt store delar av livet i nordområda. Med si journalistiske erfaring og forteljarevne gir han både oversikt og djupn til eit tema som berre blir meir aktuelt.

Eit særs aktuelt og opplysande foredrag om geopolitikk, natur og makt i Arktis.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Eidfjord folkebibliotek

Kontakt

Nina Dürselen Herland

Om staden

Namn

Eidfjord folkebibliotek