Kva gjer ein når ein aldri har vore forelska og rett og slett ikkje klarer å bli det, uansett kor mykje ein prøver?
12 år gamle Mira elskar å skapa ting og pusla med hobbyprosjekt saman med bestevenene Naja og Louis. Men alt endrar seg då Naja blir ven med den nye, kule jenta i klassa. Plutseleg kjenner Mira seg utanfor og byrjar å tvila på om ho framleis kan vera den same når alt rundt henne forandrar seg.
Skal ho droppa dei kreative prosjekta og heller prøva å vera meir som dei andre jentene som snakkar om kjærleik og forelsking? Fast bestemt på å vinna tilbake vennskapen med Naja, set Mira alt inn på å bli teken opp i jentene sin eksklusive «kjærleiksklubb» – ein klubb der ein berre kan vera med viss ein har vore forelska. Men kva gjer ein når ein aldri har vore forelska og rett og slett ikkje klarer å bli det, uansett kor mykje ein prøver?
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.
Filmen om Mira er basert på den populære bokserien med same namn!