Velkomen til kinoen vår med digital lyd, god komfort og med 81 sitjeplassar. Kinoen finn du i kultursalen i Quality Hotel og Resort Vøringfoss.
Kinoprogram
Bilettprisar på Eidfjord kino frå 1. januar 2019
Om Eidfjord kino:
- Kinoen har 81 plassar
- Kinovisningar er på sundagar kl 18 (barnefilm) og 20 (vaksenfilm)
- Bilettsalet tek vanlegvis til 20 minutt før filmen startar
- Me oppmodar føresette om å følgja barn på kino
Smittevern ifht covid19:
Eidfjord kommunale kino startar opp søndag 16.august 2020 etter å vore stengt sidan mars. Det er eigne bransjerettleiarar for kino knytt til koronasituasjonen som inneberer fyljande:
- Har du symtomar på luftveginfeksjon eller forkjølelsessymtom bli heime.
- Redusert antal personar som kan vera på kino (40 stk.) for å kunne halde 1 meters regelen
- Vasking av hender og/eller antibac må gjerast før registering og betaling
- Alle som skal på kino må registrere seg med namn og tlf.nr. slik at me kan foreta evt. smittesporing. Listene vert sletta etter 10 dager.
- Kun betaling med vipps eller «tæpping», ingen kontakt betaling.
- Inntil vidare vert det berre ein framsyning kvar søndag.
Det er fint om publikum kan vera ute i god tid slik at me får tid til å ta dei førehandsreglane som trengs for å unngå koronasmitte.
Medietilsynet si begrunning for fastsetjing av aldersgrenser på kino
Eidfjord kino på Facebook
Publisert03.01.2019 12.03