Noko merkeleg går føre seg i havet utanfor Småköping. Sjølv om vêret er strålande, reiser store bølgjer seg og skyller inn over hamna og den vesle byen. Kva er det som skaper så kraftige bølgjer at båtane blir kasta i land og sjørøvarane hamnar på toppen av eit tre?
Samtidig, i barnehagen Eken, prøver Mini Hopp seg på fiolinspel. Det går ikkje særleg bra – lyden skjer i øyra, og ingen synest det høyrest pent ut. Alle berre ler. Aldri har Mini Hopp kjend seg så aleine som når han trist ruslar ned mot vatnet, sparkar i grusen og stiller seg ytst på ei klippe for å vera i fred med fiolinen sin.
Men akkurat idet han let bogen gli over strengene, byrjar vatnet under klippa å bobla – og noko enormt stig opp frå havet.
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.