Tilbake til Tottori er oppfølgjaren til Tottori! Sommeren vi var alene frå 2020. Den første filmen vart svært godt motteken av både publikum og kritikarar og vann Amanda for Årets barnefilm.
Oppfølgjaren vidarefører samarbeidet mellom regissørane og skodespelarane, og vender tilbake til det same universet seks år seinare. Dette gjev filmen eit solid fundament med ei etablert tilknyting hjå publikum, samstundes som historia vert utvikla og speglar ein ny livsfase. Han representerer ein sjeldsynt kontinuitet i norsk film, der karakterar og tematikk modnast i takt med både skodespelarar og publikum.
Filmen følgjer Billie (12) og Vega (16), seks år etter hendingane i den første filmen. Familien er i oppløysing. Faren er borte, mora er utsliten og utilgjengeleg, og Vega har mista fotfestet. Billie lengtar tilbake til styrken ho og søstera ein gong fann saman, det dei kalla sin superkraft. Når Vega sjølv tek valet om å verte innlagd, bestemmer Billie seg for å handla. Med faren sitt analoge kamera som følgjesven legg ho ut på ei reise som vert både fysisk og kjenslemessig. Undervegs møter ho menneske og situasjonar som utfordrar henne, men som òg gjev henne mestring. Ho må stola på seg sjølv, improvisera og handtera det uforutsette.
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.