40 år etter den store filmsuksessen kjem filmane attende i nyrestaurert versjon. Opplev den sterke forteljinga frå Provence på kino.
Ei klassisk forteljing frå Provence
«Jean de Florette» er det mest kjende verket til den franske forfattaren Marcel Pagnol. Handlinga er lagd til Provence på 1920-talet, omgitt av vakre landskap og små bygdesamfunn.
Jean de Florette flyttar frå byen til Provence saman med kona og den vesle dottera si. Han drøymer om å skapa eit nytt liv på landet. Samstundes har bygdeherren Papet eigne planar. Han ønskjer å overta eigedomen og stengjer i løynd vatnkjelda som forsynar garden til Jean.
Kampen for vatn og overleving
Utan tilgang til vatn må Jean gå lange avstandar for å henta det familien treng. Avlingane tørkar bort i sommarsola, og presset på familien veks.
Filmen skildrar kampen mellom den vesle mannen og dei mektige kreftene rundt han. Dette er ei forteljing om håp og fortviling, godt og vondt, liv og død.
Kritikarane om filmen
Klassekampen (terningkast 5):
«40 år etter at Claude Berris «Jean de Florette» gjorde Provence-film til ein eigen dramasjanger, står filmverket fram som ei åtvaring mot framandfrykt og dødbringande hete og tørke.»
Dagens Næringsliv:
«Vann, hevn og menneskelig dårskap: En av tidenes dyreste og mest suksessfulle franske filmproduksjoner er tilbake i nyoppusset utgave.»
Opplev jubileumsversjonen
No kan du sjå den nyrestaurerte utgåva av den klassiske filmsuksessen frå Provence og oppleva historia på nytt på stort lerret.
Pris
Honnørpris: 30 kr.
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.