• Kino

Seniorkino: Kilden i Provence 2 - Manon og kilden

Dato

Onsdag 21. oktober 2026

Tidspunkt

kl. 14:00 - 15:54

Stad

Eidfjord kino

Last ned kalenderfil (.ics)

Onsdag 21. oktober kl. 14:00

Manons kjelde i nyrestaurert jubileumsutgåve

40 år etter filmsuksessen «Kilden i Provence» kjem den gripande oppfølgjaren attende i nyrestaurert versjon. Opplev den storslåtte forteljinga frå Provence på kino.

Historia held fram

Det har gått ti år sidan Jean de Florette døydde. Mennene som stod bak ulykka, Ugolin og Papet, lever no i rikdom og velstand.

Samtidig har Jeans dotter, Manon, vakse opp. Ho bur einsleg med geitene sine i fjella og har vorte ei vakker og stolt ung kvinne.

Ei løyndom kjem for dagen

Når Manon oppdagar kva Ugolin og Papet har gjort mot far hennar, set ho i gang ein gjennomtenkt hemn. Handlingane hennar får store konsekvensar, ikkje berre for dei skuldige, men for heile lokalsamfunnet.

Samstundes kjem ei gammal løyndom for dagen. Sanninga om kven Jean de Florette eigentleg var, skal visa seg å endra livet til mange.

Ei forteljing om skuld, hemn og forsoning

Filmen vidarefører den store forteljinga frå Provence med sterke kjensler, vakre landskap og dramatiske hendingar. Dette er ei historie om hemn, menneskeleg dårskap og korleis fortida kan innhenta oss.

Kritikarane om filmverket

Klassekampen (terningkast 5):

«40 år etter at Claude Berris «Jean de Florette» gjorde Provence-film til ein eigen dramasjanger, står filmverket fram som ei åtvaring mot framandfrykt og dødbringande hete og tørke.»

Dagens Næringsliv:

«Vann, hevn og menneskelig dårskap: En av tidenes dyreste og mest suksessfulle franske filmproduksjoner er tilbake i nyoppusset utgave.»

Opplev jubileumsversjonen på kino

No kan du sjå den nyrestaurerte utgåva av den klassiske oppfølgjaren og oppleva avslutninga på den store forteljinga om Jean de Florette og Manon.

Pris

Honnør: 30 kr

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Om staden

Kart
Kart
Namn

Eidfjord kino

Telefon

E-post

Adresse
Simadalsvegen 1
Ostangvegen 20
5783 5783

Om arrangementet

Pris vaksen
80
Pris born
30
Aldersgrense
9
Regi
Claude Berri
Sjanger
Drama
Nasjonalitet
Frankrike
Varighet
01:54
Skodespelarar
Yves Montand, Emmanuel Bèart, Daniel Auteuil