Ei familie har fått ei mystisk pakke på døra kvar jul i 22 år. Avsendar? Ukjend. Den norske familiefilmen Mysteriepakken opna Barnefilmfestivalen i Kristiansand i 2026 og fekk strålande mottaking frå publikum. Filmen hadde verdspremiere på filmfestivalen i Thessaloniki og kjem på kino over heile landet 16. oktober.
Historia bak filmen er like gåtefull som ho er sann. Filmen til regissør Silje Evensmo Jacobsen tek utgangspunkt i eit ekte og lokalt forankra mysterium. Kvart år får to sysken og familien deira ei anonym pakke sendt frå Arendal. Avsendaren er ukjend, og undringa veks i takt med åra. Når barna bestemmer seg for å finne ut kven som står bak, utviklar det seg til ei engasjerande og rørande forteljing om familie, tilhøyrsle og kor mykje små handlingar som set spor, kan bety.
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.