Jula 1983. Etter endå ein kraftig krangel avslører mora til sju år gamle Andrev ei hemmelegheit: Mannen han har kalla pappa, er ikkje den biologiske faren hans.
I staden for å verta knust, blir Andrev oppglødd over moglegheitene avsløringa opnar for. Med barnleg mot og nysgjerrigheit prøver han å finna sin plass i ei verd prega av mora sine skiftande forhold til ulike menn.
Mora til Andrev har ei sterk tiltrekkingskraft på menn, men sjølv ho kan ikkje styra korleis dei oppfører seg. Mennene kjem og går, som magikarar eller kunstnarar, mordarar eller tjuvar. Dei dukkar opp ubedne og forsvinn like brått att.
Jævla karar er ei oppvekstskildring med både mørke og humor. Filmen handlar om ein gut og mora hans, om ei rekkje jævla karar, og om å ikkje enda opp som ein av dei sjølv. 🎬
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.