Hunger Games: Sunrise on the Reaping
Arenaen opnar på nytt. I Hunger Games: Sunrise on the Reaping møter me den unge Haymitch Abernathy, lenge før han vart mentor for Katniss Everdeen og Peeta Mellark.
Historia går føre seg 24 år før den originale Hunger Games-trilogien og tek oss tilbake til den andre Quarter Quell. Denne gongen blir reglane endra: Kvart distrikt må senda fire deltakarar til arenaen i staden for to. Med heile 48 tributatar blir dette dei største og mest brutale leikane i Panems historie.
Når Haymitch frå Distrikt 12 blir vald ut, må han kjempa for å overleva i ein arena der sjansane for å koma levande ut er mindre enn nokon gong.
Sunrise on the Reaping er eit spennande og dramatisk kapittel i Hunger Games-universet, fullt av fare, mot og kampen mot eit nådelaust system. 🎬🔥🏹
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.