Møterom

Om rommet

Studentstova i Eidfjord er lokalisert i 2. etg. i Sentrumstunet. Her er det eit møterom med plass til inntil seks personar. På møterommet er det eigen skjerm og lyd- og kamerautstyr som er kompatibel med dei mest brukte plattformane som Zoom, Skype og Teams.

Hjarteleg velkomen!

Studentstovene

Studentstovene er eit tilbod for studentar som bur permanent i regionen, er på besøk, eller som er heime i kortare eller lengre periodar. Her kan du fylgje digital undervisning, lesa og samarbeida med andre.  

Det å etablere møteplassar for studentar og legge til rette for å  skape eit studentmiljø (uavhengig av kor lite det er) er viktig ikkje berre for dei som sitt på Studentstovene, men også for å løfte bevisstheten til alle som bur i regionen.

Studentstovene er gratis å nytta for studentar. Under kan du sjå kor dei ulike studentstovene er lokaliserte og korleis du kan tinga plass.

Nøkkelinformasjon