Om rommet
Studentstova i Eidfjord er lokalisert i 2. etg. i Sentrumstunet. Her er det eit større undervisningsrom for inntil 22 personar. Rommet har lerret og projektor og tilkobling for lyd.
Hjarteleg velkomen!
Studentstovene
Studentstovene er eit tilbod for studentar som bur permanent i regionen, er på besøk, eller som er heime i kortare eller lengre periodar. Her kan du fylgje digital undervisning, lesa og samarbeida med andre.
Det å etablere møteplassar for studentar og legge til rette for å skape eit studentmiljø (uavhengig av kor lite det er) er viktig ikkje berre for dei som sitt på Studentstovene, men også for å løfte bevisstheten til alle som bur i regionen.
Studentstovene er gratis å nytta for studentar. Under kan du sjå kor dei ulike studentstovene er lokaliserte og korleis du kan tinga plass.