Bjørne Møen Reserver Rektor i Eidfjord kulturskule og jobbar mykje med heimesida til Eidfjord kommune. Nøkkelinformasjon Ofte stilte spørsmål Korleis avtala møte med sakshandsamar? Når du har funne den sakshandsamaren du ønskjer å snakka med, trykk på "Reserver" for å sjå deira kalender og når dei har ledig tid. Vel det ledige tidspunktet som passar deg best. Fyll ut registreringsskjemaet så detaljert du kan, slik at sakshandsamaren kan vera så førebudd som mogeleg til møtet. Førespurnaden vert sendt direkte til sakshandsamar. Du vil få ei stadfesting på om ynskt tidspunkt er godteke eller ikkje på e-post fra sakshandsamar i etterkant. Personleg oppmøte eller telefon Du kan velja om du ønskjer at møtet skal foregå ved oppmøte, eller via telefon. Skriv i merknadsfeltet om du vil ha telefonmøte. Dersom du ønskjer telefonmøte vil sakshandsamar ringa deg opp på eit gjeve tidspunkt. Hugs å gje opp telefonnummeret ditt i registreringsskjemaet. Kor langt møte kan eg få? Du kan booke møte på 30 minutter. Dersom du meinar du har behov for eit lengre møte, vel du starttidspunkt, så "Endre tidspunkt" i boksen "Reservasjonen min". Kor lenge i forkant må eg avtala tid? Ved forespurnadar som kjem inn seinere enn éin arbeidsdag før kan me ikkje garantera svar frå sakshandsamar på ønska tid. Kva kan eg få hjelp til? I møte med ein sakshandsamar kan du få hjelp til utfylling av søknadar og svar på andre spørsmål du har samband ditt prosjekt. Korleis kan eg avlysa eit avtalt møte? Dersom du må avlysa eit møte, må du ta direkte kontakt med den sakshandsamaren som du har avtalt møte med. Du vil få kontaktinformasjon til sakshandsamar på e-post når møtet er stadfesta.