Bakgrunn
Retningslinjene gjeld alle typar næringsutvikling i Eidfjord kommune. Kommunen kan i særlege høve gje støtte innafor etablerte støtteordningar til verksemder/prosjekt som ikkje naturleg fell inn under nemnde ordningar.
Der det er sett opp enten beløpsgrenser eller % av kostnader, så er dette rettleiande satsar. Kommunen kan gje støtte ut over desse satsane i særlege tilhøve.
Overordna mål for næringsutvikling i Eidfjord kommune er å leggja til rette for nyetablering av varige heilårsarbeidsplassar, samt styrkja eksisterande næringsliv. Hovudfokus er på etablering av verksemder som har næringsinntekter innan 6 månader etter etablering.
Næringsutviklinga skal innebera støtteordning i form av tilskot samt rådgjeving. I spesielle høve kan lån vurderast som del av risikofinansiering.
I tillegg skal kommunen arbeida for å leggja til rette for lokalitetar og annan infrastruktur som er viktig for etablering av verksemd i kommunen.
Eidfjord kommune skal på ein profesjonell og positiv måte møta næringsdrivande som ynskjer samtale og rådgjeving.