Næringsstøtte

Kontroll - rutinar - utbetaling

Kontroll:

Alle verksemder som har fått tildelt støtte, pliktar å rapportera tilbake til Eidfjord kommune. Rapportar skal innehalda informasjon som medfører at ein kan måla effekten av støtte. I tillegg skal det rapporterast rekneskapstall kvartalsvis. Rapporteringsplikta gjeld så lenge verksemda får støtte frå kommunen.

Dersom det vert kravd, skal det leggjast fram dokumentasjon frå verksemda, som er stadfesta av autorisert rekneskapsførar eller revisor, på at midlane er nytta ihht. tildelinga. Om verksemda ikkje har revisor og heller ikkje nyttar autorisert rekneskapsførar, skal det leggjast til rette for at Eidfjord kommune sin revisor kan kontrollera bruken av midlane.

Midlar som ved kontroll ikkje er nytta ihht. bevilgning kan krevjast tilbakebetalt.

Rutinar:

Når ei sak er ferdig handsama i kommunen, skriv administrasjonen eige brev med melding om vedtak til søkjar. 

Brevet inneheld opplysningar om utbetalingstidspunkt, klagefristar på vedtak og krav knytt til lån/tilskot.

Utbetaling:

Når alle avtalte formalitetar og evt underskrifter er på plass, kan utbetaling skje. Slike formalitetar kan vera fullstendige finansieringsplanar, forretningsplanar, låneavtalar, pantedokument osv.

Deretter gjeld fylgjande:

Utbetaling av tilskot:

Inntil 50% av tilskot kan utbetalast når prosjektet tek til. Deretter kan det betalast ut akonto beløp på oppnådd 60%/70%/80% etter dokumenterte kostnader.

Før siste 20% vert utbetalt  skal det leverast rekneskap som viser bruken av midlane samanlikna med søknaden. Rekneskapen skal stadfestast av autorisert rekneskapsførar eller revisor. 

Ved tilskot under kr. 50.000 kan rådmannen utbetale dette fullt ut ved oppstart av tiltaket. Utbetaling av tilskot til opplæring og etterutdanning vert på bakgrunn av framvisning av kursbevis eller eksamen.

Utbetaling av lån:

  • Lån sikra med pant kan utbetalast i sin heilheit når låneavtale er signert og pantedokument registrert.
  • Usikra lån vert utbetalt på bakgrunn av dokumenterte kostnader.