Plan for førebyggande arbeid

Føremål

Føremålet med planen er å førebyggja omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar. I Eidfjord ynskjer me at innbyggjarane skal ha god livskvalitet. Eidfjord skal vera ein trygg stad å veksa opp. Alle innbyggarane skal kunna leva aktive liv. Me ynskjer eit kulturelt mangfald, der alle vert integrert i eit sosialt fellesskap. Dette er forankra i kommuneplanen sin samfunnsdel 2015-2027.  

Situasjonsbilete

Representantar frå tenestene i kommunen som arbeider med barn og unge har skrive planen. Me har saman teikna eit situasjonsbilete basert på ulike data som spørjeundersøking, rapportar og referansegruppa for ungdom.   

Ungdata

Ungdata er lokale barne- og ungdomsundersøkingar der skuleelevar over heile landet svarar på spørsmål om korleis dei har det, og kva dei driv med på fritida. Me har teke utgangspunkt i rapportane gjennomført i 2015, 2017, 2021 og 2024. På mange områder svarar unge i Eidfjord meir positivt enn landsgjennomsnittet. Tala syner likevel at ungdomen ikkje opplever å ha det like godt som ved sist undersøking. Dette er ei utvikling me ikkje ynskjer skal halda fram.  

Ungdomen si referansegruppe

I desember 2023 vart det gjennomført ei spørjeundersøking i ungdomskulen. Her tok me utgangspunkt i helseundersøkinga og ungdata. Fokuset var på psykososiale tema og fritidstilbod, samt helsetilbod til ungdom i kommunen.  

Fleire av ungdommane i referansegruppa seier at dei ynskjer meir informasjon om tenestene.  Dei har behov for kontakt med helsesjukepleiar på ulike arenaar, og kjem med ynskje om at helsesjukepleiar skal vera tilgjengeleg på kveldstid til dømes på fritidsklubben.  

Over halvparten kjenner på for stort press, stress, og høge forventingar på skulen. Mange har ei kjensle av at dei ikkje strekk til.

Ungdomane saknar andre tilbod utover ballaktivitetar. Dei ynskjer fisking, bilbane, gaming, og gode samlingsplassar på ettermiddagstid.  

Nettverk

Kommunen arbeidar med å førebyggja uheldige hendingar i sosiale media. Oppvekstgruppa har organisert besøk av Barnevakta i barnehage og skule. Politiet har arrangert undervisningsopplegget “Del bart?” og “DELE=DELTA” på skulen. Nettvett er innlemma i kompetansemåla på skulen. Dersom det skjer hendingar med elevar/tilsette som omhandlar nettvett, nyttar skulen rutinane og skjema som vert brukt på brot på §9a - aktivitetsplikta. Eventuelle avvik vert meldt til kommunen si it-avdeling, og eventuelt vidare til datatilsynet.  

Folkehelsearbeid

Målet med folkehelsearbeidet er å fremja god helse i befolkninga, ved å motivera til fysisk aktivitet og sunne kosthaldsvanar. Fleire aktørar tilbyr trening og sosialt samvær for barn og unge. Eidfjord har eigen folkehelsekoordinator som arbeidar med barn og ungdom. 

Psykisk helse

I samsvar med den nasjonale rettleiaren “Psykisk helsearbeid for barn og unge” skal kommunen sørgja for tilgjengeleg og tverrfagleg psykisk helseteneste.  Tenesta skal gje tidleg hjelp og behandling til born og unge med psykiske plagar, byrjande rusproblem og reaksjonar på belastande livshendingar. Tenestetilbodet skal koma i tillegg til helsestasjon og fastlegeordning. I Eidfjord kommune har me lågterskeltilbod med helsesjukepleiar, kommunepsykolog og fastlege. 

Me arbeidar for eit tilrettelagt tilbod i tråd med den nasjonale rettleiaren.

Barn som pårørande

Nokre gonger gjev helsepersonell hjelp til pasientar som har barn eller søsken under 18 år. Om me vurderer det som nødvendig at barn som pårørande får videre oppfølging, skal helsepersonellet innhenta samtykke frå pasient og føresette før tiltak vert sett i gang. Tiltak kan variera frå vidareformidling av informasjon om at foreldre/søsken er sjuke, til meir omfattande hjelpetiltak som krev tilvising og samarbeid med andre tenester.  

Aktuelle aktørar er:  

  • Fastlegen  
  • Helsestasjon og skulehelsetenesta  
  • Barnehage og skule  
  • Sjukepleiar psykisk helse
  • Kommunepsykolog
  • Familiesenter, barnevernstenesta, Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)  
  • Relevante einingar og ressurspersonar i spesialisthelsetenesta  
  • Frivillige organisasjonar  

Flyktningtenesta

Flyktningtenesta skal leggja til rette for busetting og sikra god integrering i lokalsamfunnet. Barn på flukt er ei spesielt sårbar gruppa. I Eidfjord skal barna tidleg verta integrert i barnehage, skule og fritidstilbod for å gjenetablera normalitet i livet. 

Låginntektsfamiliar

På landsbasis bur 10,6 prosent av barn i hushaldningar med vedvarande låginntekt. I Eidfjord kommune bur 7,7 prosent av barna i hushaldingar med vedvarande låginntekt etter lokale låginntekstgrenser. Utfordringar kan auka dess færre økonomiske- og sosiale ressursar familien har.

Barnevern

Hardanger Interkommunale barnevernteneste er felles barnevernteneste for kommunane Ullensvang og Eidfjord. Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår, ved å sikra at barn og unge som lever under tilhøve som kan skada deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. 

Oppsummering

Planen for det førebyggjande arbeidet skal innehalda ei skildring av overordna mål og strategiar for det heilskaplege tenestetilbodet i kommunen. Planen skal definera korleis ansvaret skal fordelast mellom etatane, korleis løysing av oppgåver skal organiserast, og korleis ulike etatar skal samarbeida. Me skil mellom indikert, selektiv og universell førebygging.