Grevlingane er ei rampete eventyrkomedie for heile familien om venskap, store draumar og jakta på å finne sin plass – i speidaren og i verda.
Foreldrelause Bernt drøymer om å bli speidar, og øyner eit håp når han greier å bløffe seg inn i den lokale speidartroppen Grevlingane. På klubbhuset kompliserer ting seg på rekordtid når hans nye fostermor Gerd tvinger seg inn som medleiar i speidarpatruljen. Gerd er enormt sjefete og ekstremt oppteken av kva som er lov å seie, og ho vil sette i gang ein speidar-revolusjon som absolutt ingen har bestilt. Korleis skal Bernt redde Grevlingane frå Gerd, og seg sjølv frå å bli avslørt?
Grevlingane er ein hjartevarm og actionfylt komedie om å finne seg sjølv, når verda prøver å forandre deg. Filmen fekk eit gedigent kvalitetsstempel då den blei invitert til familiefilm-programmet hos sjølvaste Locarno, ein av verdas eldste og mest prestisjetunge filmfestivalar.
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.