Affeksjonsverdi fylgjer skodespelaren Nora (Reinsve) og syster hennar Agnes (Lilleaas) når deira karismatiske far, Gustav (Skarsgård), plutseleg dukkar opp i liva deira igjen etter langvarig fråvær. Gustav var ein gong ein kjend filmregissør og ynskjer no Nora i hovudrollen i sitt store comeback. Å arbeide med faren sin er det siste Nora kan tenkje seg. Ho takkar nei og inn trer den amerikanske skodespelaren Rachel Kemp (Fanning) som kjem til Noreg for å spele rolla Gustav skreiv til Nora.
Plutseleg må dei to systrene ikkje berre forhalde seg til faren sin – dei får også ein Hollywood-stjerne trakkande rundt i barndomsheimen, midt i familien sitt personlege drama.
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.