Vinnar av Oscar for beste internasjonale film, og nominert for beste film og beste kvinnelege hovudrolle. Frå Walter Salles, regissøren av MOTORSYKKELDAGBØKENE, kjem eit nytt moderne meisterverk.
Brasil, 1970-talet. På Rio de Janeiros solfylte strender pulserer livet, men i skuggane strammar militærdiktaturet grepet om landet. Politiske motstandarar overvakast, forfølgjast og forsvinn sporlaust. Familien Paiva - Rubens, Eunice og deira fem barn - bur i eit idyllisk strandhus i Rio de Janeiro, omgjevne av vener. Men ein dag bankar væpna menn på døra og Rubens blir ført bort til avhøyr. Brått står Eunice att åleine med barna, og må kjempe med alt ho har for å halde familien saman, og for rettferd for mannen sin.
"Fremdeles her" er eit gripande drama om eit mørkt kapittel i Brasils historie, som både engasjerer og rører djupt.
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.