• Kino

Kino: Havfolket

Dato

Søndag 25. januar 2026

Tidspunkt

kl. 19.00 - 20.30

Stad

Eidfjord kino

Sundag 25. januar kl. 19.00

Havfolket er ein nostalgisk, vittig og vill hyllest til livet langs norskekysten, og folket som har klora seg fast på øyar, holmar og i fiskevêr i uminnelege tider. Kinodokumentaren er sett saman av unike arkivskattar gjennom nesten hundre år, og blant forteljarane er nokre av kystens beste stemmer, som Halvdan Sivertsen, Trude Drevland og Pål «Moddi» Knutsen.

Resultatet er ein storslått film som skildrar ein kystkultur som svært mange av oss er forankra i, og som alle har eit forhold til. Knapt nokon nordmann er uberørt av havet, enten ein assosierer det med fiske og fangst, ferjekøar og strenge billettørar, knallharde vindkast og stengde bruer, eller sankthansfeiring og ungdomsflørt på holmar og skjær. Havfolket beveger seg innom viktige hendingar, som starten på oljeeventyret, og brenninga og gjenoppbygginga av Finnmark – men det er menneska og kvardagslivet langs kysten som er sjølve essensen av filmen.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Om staden

Kart
Kart
Namn

Eidfjord kino

Telefon

Adresse
Simadalsvegen 1
Ostangvegen 20
5783 5783

Om arrangementet

Pris vaksen
80
Pris born
30
Regi
Elin Sander, Elisabeth Kleppe, Henrik Hylland Uhlving.
Sjanger
Dokumentar
Nasjonalitet
Norge