Når livet kjennest litt for stort, er det godt å ha ein hund som både forstår deg – og svarar tilbake.
For 12 år gamle Tuni har hunden Salto og den småfrekke katten Pus heilt eigne stemmer. Saman tek dei henne med ut på nye eventyr, og Tuni bestemmer seg for å lage ei bucketliste over ting ho har lyst til å gjere. På lista hamnar alt mogleg – frå å danse i regnet og starte perlesal, til å køyre motorsykkel som ein ekte helt.
Med humor, fantasi og eit galleri av snakkande dyr – stemmelagt av blant andre Jan Gunnar Røise, Hilde Lyrån, Ulrikke Brandstorp og Scott Maurstad – følgjer filmen korleis Tuni og Salto finn nye måtar å fylle livet med glede, sjølv når følelsane dei står i er store.
Salto, Pus & bucketlista er ein varm, leiken og rørande familiefilm om venskapen mellom barn og dyr, om å våge å drøyme, og om krafta i små prosjekt som kan forandre ein heil kvardag. Ein film som får både store og små til å smile – og kanskje lage sin eigen bucketliste når dei kjem ut av kinosalen.
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.