"Wuthering Heights" kjem på kino til Valentinsdagen!
Frå den Oscar-vinnande filmskaparen Emerald Fennell kjem "Wuthering Heights", med Oscar-nominerte Margot Robbie i hovudrolla, saman med Bafta-nominerte Jacob Elordi.
Filmen er ei djerv og original nyfortolking av ein av dei største kjærleikshistoriane gjennom tidene, og er Fennells eigen versjon av historia frå Emily Bröntes romanklassikar. Robbie og Elordi spelar eit par hvis forbodne lidenskap for kvarandre utviklar seg frå romantisk til berusande i eit episk drama om lyst, kjærleik og vanvidd. På rollelista finn vi òg Owen Cooper, Charlotte Mellington, Shazad Latif, Alison Oliver, Martin Clunes, Ewan Mitchell og Oscar-nominerte Hong Chau.
Fennell regisserer etter sitt eige manus, og produserer saman med Josey McNamara og Margot Robbie. Bak kamera samarbeider Fennell med fleire av sine faste kollegaer, mellom anna den Oscar-vinnande fotografen Linus Sandgren, den Oscar-nominerte produksjonsdesignaren Suzie Davies, og den Oscar-vinnande kostymedesignaren Jacqueline Durran. Popstjerna Charli XCX står for soundtracket, og du kan sjå musikkvideoen til låta "Chains of Love" her: https://www.youtube.com/watch?v=tG1HKY6Jwas
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.