Ein kritisk og visuelt slåande dokumentar om prisen for den grøne kapitalismen.
Det er brei semje om nødvendigheita av å bytte ut fossile energikjelder med fornybare alternativ. Dei konkrete tiltaka for å produsere fornybar energi er likevel langt meir kontroversielle, særleg når dei går direkte utover vakker natur, uerstattleg matjord og menneske sin livskvalitet. I dokumentaren Vi som selde landet møter vi folk som opplever at naturen rundt dei blir rasert som ei følgje av det grøne skiftet – og som ikkje blir høyrde når dei protesterer mot destruktive inngrep i liva og nærmiljøa deira.
Med sin nye film retter Kieran Kolle eit kritisk blikk mot praksisen med å avfeie motstand mot grøne energiprosjekt som bakstreversk og suspekt. Vi får møte folk som opplever å bli fullstendig overkøyrde i berekrafta sitt namn, og som ein konsekvens av dette har mista tillit til demokratiet. Med slåande bilete av vakker norsk natur og møter med folk som forsøker å hindre at heimstadene deira blir øydelagde, skildrar Vi som selde landet korleis den grøne kapitalismen bidreg til å splitte lokalsamfunn og skape ein veksande motstand mot klimasaka. Dette er ein film som passar perfekt for å starte diskusjonar – om eit tema mange kvir seg for å snakke om.