Mumbo Jumbo bur trygt og godt heime hos mor si i den vesle dalen. Men ein dag blir alt snudd opp ned når Mumbo kjem i skade for å eta ein magisk sopp og blir kjempestor.
Altfor stor til å sova inne i mammas koselege hus. Mandrill-apen Frede har heldigvis løysinga på problemet. Dessverre betyr det ein tur heilt til Sibir og eit møte med heksa Baba Jaga. Det er ikkje lett å vera liten, men det er heller ikkje lett å vera kjempestor. Mumbo Jumbo må no læra å tru på seg sjølv og stå på eigne bein. For elles blir det ei uløyseleg oppgåve.
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.