Herleg blanding av animasjon og spelefilm, i eit sommarleg og festleg eventyr for rampenissar i alle aldrar.
Krølle Bølle bur trygt under jorda på Bornholm saman med familien sin og alle dei andre trolla. Her er livet fullt av flaggermusflyging, hulefestar – og reglar, massevis av reglar. Spesielt éin regel må aldri brytast: Ein må ikkje gå opp til overflata, for menneske er farlege.
Men Krølle Bølle er ein liten ramp som ikkje heilt forstår kvifor ein treng alle desse reglane. Då det plutseleg byrjar å buldre der oppe, klarer han ikkje å dy seg – han snik seg opp mot menneska si verd for å finne ut kva som skjer. Lillesøster Borra følgjer etter.
Det som starta som ein uskuldig rampestrek for dei to, utviklar seg raskt til eit storslått eventyr – fylt med farar, magi og opplevingar større enn noko Krølle Bølle nokon gong har kunna drøyme om!
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.