• Kino

Kino: Fjord

Dato

Søndag 6. september 2026

Tidspunkt

kl. 19:00 - 21:20

Stad

Eidfjord kino

Last ned kalenderfil (.ics)

Sundag 6. september kl. 19:00

FJORD er vinnar av Gullpalmen under årets Cannes Film Festival. 

Oscarnominerte Renate Reinsve og Sebastian Stan møter alle foreldra sitt verste mareritt i det Cannes-aktuelle samtidsdramaet Fjord, sett i eit norsk fjordlandskap. 

Ein norsk-rumensk familie flyttar frå Romania til eit lite tettstad i Noreg. Her kjem fembarnsfamilien raskt i kontakt med den lokale meigheiten og med naboane, som har born i same alder. Når skulen mistenkjer at foreldra praktiserer fysisk avstraffing mot borna sine, vert det teke affære. 

Fjord er eit aktuelt, spennande og tankevekkjande familiedrama som utforskar kulturskilnader og dei skjøre grensene mellom privatliv og institusjonell makt. Regien er ved den internasjonalt anerkjende regissøren Cristian Mungiu som vann Gullpalmen i 2007 for «4 månader, 3 veker og 2 dagar». I hovudrollene finn vi Oscar-nominerte Renate Reinsve og Sebastian Stan som vert gjenforeinte etter å ha spilt mot kvarandre i «A Different Man» (2023). 

Filmen hadde sin verdspremiere i hovudkonkurransen på den 79. filmfestivalen i Cannes 13. – 24. mai der han vann festivalen si hovudpris Gullpalmen. I tillegg vann filmen FIPRESCI-prisen og François Chalais-prisen som vert gjeven til filmar som fremjar journalistiske og humanistiske verdiar. Norske produsentar er Dyveke Bjørkly Graver (A Prayer for the Dying, Min fantastiske fremmede, Syk pike, Verdens verste menneske) og Andrea Berentsen Ottmar (Affeksjonsverdi, Syk pike, Armand, Verdens verste menneske).

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Om staden

Kart
Kart
Namn

Eidfjord kino

Telefon

E-post

Adresse
Simadalsvegen 1
Ostangvegen 20
5783 5783

Om arrangementet

Pris vaksen
80
Pris born
30
Aldersgrense
9
Regi
Cristian Mungiu
Sjanger
Drama
Nasjonalitet
Norge, Romania
Varighet
02:19
Skodespelarar
Renate Rinsve, Sebastian Stan, Christian Rubeck, Lisa koven kongsli, Ingvild Lien, Ellen Dorrit Petersen