Utan omsorg stansar alt.
Ein svensk dokumentar om det vakraste og viktigaste vi har. I Det umålbare vender regissør Nils Petter Löfstedt blikket mot dei som arbeider med å ta vare på andre. Ein barnehagelærar som skal få femten barn til å sovne på éin gong. Ein heimesjukepleiar som berre har åtte minutt til kvar pasient.
Gjennom vare portrett og kvardagsaugeblink får vi sjå kor mykje nærleik og augnekontakt har å seie i eit menneskeliv, både for unge og gamle. Det umålbare fangar vår tids syn på effektivisering og målstyring i velferda. Det er eit reknestykke som ikkje går opp. Kva er verdien av omsorg?
★★★★ «Eit kjærleiksbrev til alle i omsorga. Nervepirrande, fint stemt og rasande politisk» – Sydsvenskan
★★★★ «Umisteleg» – Göteborgs-Posten
★★★★★ «Det er ømleiken og varmen som sit att» – Svenska Dagbladet
«Ei oppmoding til motstand, men òg ei motstandshandling i seg sjølv.» – Lars Henriksson, GP
«Ein av dei viktigaste filmane eg har sett dei siste åra.» – Erik Wijk Aldoori, forfattar
«Sjå han om du arbeider med menneske, eller om du er eitt.» – Frances Tuuloskorpi, debattant.