Eidfjord kommune og NVE har planlagt eit tiltak for å sikra bygningar og infrastruktur på Lægreidsflata mot flaum. Prosjektet skal no gjennomførast. Anbodsprosessen er avslutta, og R. Nielsen Entreprenør AS har fått kontrakten.
Kven har ansvar for prosjektet?
Eidfjord kommune er byggherre og tiltakshavar for prosjektet. NVE gjev økonomisk støtte og har vore med i planlegginga. Norconsult Norge AS har vore rådgivar i planleggingsfasen og skal vera byggjeleiar under gjennomføringa.
Oppstart av arbeidet
Entreprenøren har formell oppstart 12. oktober 2026. Det vert ikkje arbeid i sjølve anleggsområdet denne dagen. I første omgang skal entreprenøren utføra førebuande arbeid og etablera riggområdet.
Riggområde i Vikehagen
Riggområdet vert etablert i Vikehagen på eigedomen gnr. 4 bnr. 110. Tilkomsten til området kjem frå sør, nærast det kommunaltekniske området. Brakkeriggen vert plassert aust på området for å skjerma bustadområdet mot aktivitet i riggområdet.
Meir informasjon etter oppstartsmøtet
Eidfjord kommune, NVE, Norconsult og entreprenøren skal ha oppstartsmøte 16. oktober 2026. Etter møtet publiserer me meir informasjon om oppstart, gjennomføring og framdrift.