Utleiga av bunadarEidfjord kommune har for utleiga brud- og brudgombunad for vaksne, samt jonsokbunad for born. Kven kan leigaBrud- og brudgombunad og kruna kan berre leigast av personar med tilknytning til Eidfjord, det vil sei fastbuande, personar som oppvaksen i Eidfjord eller personar som har nær familie i Eidfjord (foreldre,besteforeldre)Brud- og brudgombunad kan berre leigast ut i samband med bryllaupKruna kan leigast ut for seg sjølv, men berre i samband med bryllaupJonsokbunadane kan berre lånast ut til dei som har ansvar for jonsokfeiring i Eidfjord PrisUtleigepris for brudebunadane vert justert i samband med budsjett kvart årJonsokbunadane vert lånt ut vederlagsfritt i samband med jonsokfeiring i Eidfjord Utleige bunadUtleigeobjektPrisBrudebunad med krune6000,-Brudgombunad4000,-Kun krune2500,- Justering og vask av brude- og brudgombunadDet kan gjerast mindre tilpasningar før bruk, men det kan ikkje vera store avvik frå måla på bunadenLeigar pliktar å handsama bunaden med varsemd, og skal ikkje vaska/reinsa nokon av delene etter bruk. Tilpasningar og vask/rens skal utførast av den som Eidfjord kommune (EK) har gjort avtale med om tilsyn/vedlikehaldUtleige må avtalast i god tid, leigar kontaktar det firmaet EK har avtale med for tilpassing. Justering og vask av jonsokbunadDet bør ikkje gjerast justeringar på jonsokbunadane. Det er to brudebunadar for utlån som har ulik storleik.Leigar pliktar å handsama bunaden med varsemd.Etter bruk skal bunaden leverast attende i same stand som ved utlån. Forkle, skjorter og sokkar skal vaskast for hand. Ver særs varsam med svartsum. Flekker elles vert fjerna med fuktig klut. Tekstilane skal ikkje strykast og sokkane skal ikkje turkast i sola. Tilbakelevering og erstatningsansvarBunadane skal leverast attende straks etter brukLånar er erstatningspliktig dersom deler kjem vekk eller vert øydelagde. Brudebunad - mål og innhaldMål på brudebunad:Livvidde: 79 cmSidde stakk: 105 + 3 cmHeil lengde: 144 + 3 cmInnhald:1 stk sylvkrune med diverse silkeband1 stk blondekant1 stk sneatrøya med stakk1 stk kaps med svartsaum1 stk forkle 1 stk bringeklut1 stk komplett sylvkjede1 stk stor bringesylje2 stk små syljer2 stk borrer1 stk lekkjaknapp1 stk sylvbelte med spenne og 25 stk stølar1 stk handaplagg1 stk fangreim med sylv og 2 stk fangband1 stk brudebombe, rosemålaBrudgombunad - mål og innhaldMål: Bunaden er tilnerma storleik M (medium)Innhald: 1 stk jakke med sylvknappar1 stk vest med sylvknappar1 stk bukse med sylvknappar og sylvspenne1 stk skjorte med kvitsaum1 stk sokkapar2 stk sokkaband1 stk lekkjaknapp2 stk mansjettknappar Historia til brurebunadenEidfjord Bygdekvinnelag vart skipa 23. april 1948. Eit av arbeidsområda til laget var å skaffa bygda brudebunad. Den 29. juli 1972 vart bunaden for fyrste gong teken i bruk, og han var då forsikra for kr. 20.000,-Brudebunaden var eit stort løft for laget, og mykje dugnadsarbeid vart lagt ned. Dyktige handverakarar laga dei ulike delane: Stakk, bringestykke og bringklut: Kristi NæsheimPerlebanda: Helga Hereid, Bergljot Hereid, Anna Johansen, Anna Lægreid, Ragnhild Bolstad og Ragna BuBrudeplagget (handaplagg): Bergljot HereidForkleborda: Gunnhild ErdalSaum av forkle og kaps: Astrid NesheimKrage og bringeborda: Gunnvor Tveit Laget vart oppløyst i 1999 og Eidfjord kommune fekk brurebunadane som gåve mot at kommunen tok på seg vedlikehald og utleige av bunadane. JonsokbunadEidfjord kommune har for utleige to sett med jonsokbunadar. Organisasjonen Betre Barnemiljø i Øvre Eidfjord har skaffa det eine settet av bunadane. Skreddar Olaug Måge frå Omastrand i Kvam, saman med lokale tradisjonsberarar har produsert bunaden. Denne bunaden er utstillt på Norsk Natursenter i Øvre Eidfjord. Eidfjord kommune har også for utleige ein jente/bryllaupsbunad til som er lagra på kommunehuset, denne er litt mindre i storleik. Bunadane vert berre utleigd i samband med den tradisjonelle jonsokfeiringa kvart år. Det er 1. klasse ved Lægreid skule som har ansvar for feiringa. Etter bruk skal bunaden leverast attende i sam stand som ved utlån. Forkle, skjorter og sokkar skal vaskast for hand. Ver særs varsam med svartsum. Flekker elles vert fjerna med fuktig klut. Tekstilane skal ikkje strykast og sokkane skal ikkje turkast i sola. Lånar er erstatningspliktig dersom deler kjem vekk eller vert øydelagde. Bunadane skal leverast attende straks etter bruk. Vil du leiga bunad?Send søknad til postmottak om du ynskjer å leige brudebunad eller jonsokbunad. Sidan bunadane til vaksne ofte må tilpassast er det viktig at du tar kontakt i god tid (jonsokbunadane kan ikkje tilpassast). Det vert berre gjort mindre tilpassingar, ein kan ikkje rekna med at bunaden vert sydd om. Tilpassing må avtalast med Bunad Søm Eidfjord Barbara Willersrud etter at du har inngått leigeavtale. Søknad om leiga av brud- og brudgombunad må innehalda: Tidspunkt for utleigaTilknytning til Eidfjord Justerte retningsliner er gjeldande frå 01.01.2026 Publisert 01.03.2019 09.04