Kva er barnehagemynde?
Barnehagemynde har ansvar for å føra tilsyn med barnehagane, rettleia dei og godkjenna barnehagar etter barnehagelova. Barnehagemynde handsamar òg søknadar som gjeld bemanning, spesialpedagogisk hjelp og individuelt tilrettelagt tilbod for barn.
Oppgåvene til barnehagemynde
Barnehagelova kapittel IV beskriv kva barnehagemynde skal gjera. Barnehagemynde har ansvar for:
1. Tilsyn med barnehagane
- sjå til at barnehagane følgjer barnehagelova og forskrifter
- gjennomføra tilsyn ved behov
- gje rettleiing til barnehagane om lovverk og kvalitet
2. Godkjenning av barnehagar
- handsama søknadar om å starta ny barnehage
- vurdera om barnehagen oppfyller krav til areal, bemanning, tryggleik og innhald
3. Samordna opptak og regelverk for foreldrebetaling
- sikra at opptaket skjer etter reglane i barnehagelova
- sjå til at foreldrebetalinga er i tråd med nasjonale satsar og reglar
4. Handsaming av søknadar for enkeltbarn
- søknadar om spesialpedagogisk hjelp for barn under skulealder
- meldingar om behov for individuelt tilrettelagt barnehagetilbod
5. Dispensasjonar
- søknadar om dispensasjon frå utdanningskrav for tilsette
- dispensasjon frå pedagognorm og bemanningsnorm
6. Klagehandsaming
- handsama klager som gjeld barnehagetilbod, godkjenning, tilsyn eller enkeltvedtak
Kommunen som barnehageeigar og tilsynsmynde
Barnehagelova § 11 stiller krav til korleis kommunen skal organisera rollane sine. Kommunen er både barnehageeigar og barnehagemynde, men desse oppgåvene skal vera tydeleg skilde. Dette skal bidra til større tillit til at kommunen er upartisk og sikrar likehandsaming.
I Eidfjord kommune er barnehagemynde sine oppgåver gjennomgått og fordelt mellom barnehagemynde og barnehageeigar. Kommunalsjef oppvekst og utdanning er barnehagemynde og styrar i barnehagen er barnehageeigar.
Start med barnehagen
Er du ikkje nøgd med barnehagetilbodet? Er du uroa for noko i barnehagen, eller ønskjer du å klaga?
Ta kontakt med dei rette. Start alltid med barnehagen.
Me tilrår at du først tek opp saka med:
Leiinga av barnehagen har ansvar for at barnehagetilbodet følgjer lover og reglar. Eit godt samarbeid mellom barnehage og heim er viktig, og barnehagen skal samarbeida med alle foreldre og føresette.
Gjeld det ønskje om endringar eller generelle forhold i barnehagen, kan du ta kontakt med foreldrerådet. Foreldrerådet kan ta saka vidare til samarbeidsutvalet (SU), som består av representantar frå foreldre, tilsette og eventuelt barnehageeigaren.
Dersom du ikkje er tilfreds med oppfølginga barnehagen har gjeve, kan du ta kontakt med barnehagemynde.
Har du spørsmål eller ønskjer å klaga, kan du senda e‑post til barnehagemynde: postmottak@eidfjord.kommune.no
Ikkje send sensitiv informasjon.
Lover og reglar