Nye opningstider på kommunehuset

Frå 1. november 2026 får Eidfjord kommune nye opnings- og telefontider. Endringa gjeld både resepsjonen og sentralbordet.

Nye opningstider

Frå 1. november 2026 er opningstida:

  • Måndag til fredag
  • Kl. 10.00–14.00

Dei nye tidene gjeld både for besøk i resepsjonen og når du kontaktar kommunen på telefon.

Slik kan du kontakta oss utanom opningstida

Du kan bruka dei digitale tenestene våre heile døgnet på nettsida til Eidfjord kommune.

Om du veit kven du skal snakka med, kan du framleis ta direkte kontakt med den tilsette på telefon eller e-post.

Biblioteket har vanlege opningstider

Endringa gjeld ikkje biblioteket. Biblioteket har dei same opningstidene som før.