Landstraum

Perspektiv sett frå nord - Klikk for stort bilete

Om prosjektet

 

Landstraum

Landstraumsanlegget tek form

Landstraumsprosjektet går framover. I løpet av første kvartal 2027 kjem dei tekniske konteinarane til anlegget på plass på kaia i Eidfjord. Etter at konteinarane er monterte, skal det byggjast eit bygg rundt delar av anlegget.

Slik vert anlegget bygd

Landstraumsanlegget består av teknisk utstyr som krev mykje plass. Storleiken på bygget er i stor grad styrt av utstyret som skal inn i anlegget.

Det tekniske innhaldet set også krav til:

  • høgd, breidd og lengd på bygget
  • lufting av anlegget
  • tilkomst til konteinarane frå sjøsida
  • areal for køyretøy som skal handtera straumkablane til skipa

Eit eige CMS-køyretøy skal handtera dei store og tunge straumkablane som vert kopla til skipa når dei ligg til kai.

Tilpassa staden og omgjevnadene

Bygget er utvikla av Plug Eidfjord AS i samarbeid med 3RW arkitektar.

Sjølv om anlegget har tekniske krav som styrer mykje av utforminga, er bygget teikna for å passa inn i omgjevnadene på kaia og i fjordlandskapet. Målet har vore å skapa eit heilskapleg uttrykk som harmonerar med eksisterande bygg, utan å kopiera dei.

Tre og saltak er sentrale element i utforminga.

Mindre dominerande bygg

Garasjedelen for CMS-køyretøyet treng større takhøgd enn delen som dekkjer konteinarane. Bygget er derfor trappa ned i høgd.

Dette gjer at:

  • bygget virkar mindre dominerande
  • utsikta vert mindre påverka
  • overgangen til nabobygget vert mjukare
  • volumforskjellen mellom bygga vert redusert

Materialval og fasadar

Bygget får trekonstruksjon, bandtekka tak og lufta trefasadar.

Fasadane er utforma slik at dei gjev nødvendig lufting til anlegget. Samstundes skal uttrykket opplevast lett og luftig.

Konteinarane vert synlege frå fjordsida og skal ikkje kledast inn. For at dei skal passa betre inn i miljøet rundt kaia, vert dei lakkerte i fargar som er tilpassa resten av anlegget. Fargevala har referansar til dei tradisjonelle sjøhusa i Eidfjord.

Meir enn eit teknisk anlegg

For å skapa eit trivelegare område er bygget teikna med gode takutstikk og benkar langs fasaden.

Dette skal gje ekstra kvalitetar til området og skapa ein meir innbydande kai for både fastbuande og besøkjande.

Illustrasjonar

Perspektiv sett frå nord - Klikk for stort bileteFasade sett frå landsida - Klikk for stort bilete

Neste steg

Arbeidet med landstraumsanlegget held fram. Me oppdaterer denne sida når konteinarane er komne på plass og bygginga av bygningsdelen startar.

17.10.2026 10:16