Handlingsplan mot mobbing

Samarbeid med foreldre - gjensidige forventningar

Personalet skal vera medviten sitt ansvar om å forebyggja og setja inn tiltak mot mobbing

Forventningar foreldre kan ha til barnehagen

  • Nært samarbeid og god dialog, prega av openheit og likeverd
  • De skal oppleva å verta sett, høyrd og inkludert
  • Taushetsplikta vert overhalde
  • Informasjon om korleis det vert jobba for å forebyggja mobbing på foreldremøte årleg
  • Korleis det vert jobba for å skapa eit inkluderande miljø i barnehagen vert tek opp på foreldresamtalane
  • Barnehagen tek kontakt same dag ved henting/eventuelt ringjer dersom personalet opplever at barnet vert utsett for ei uønska hending, eller om det er ditt barn som har forårsaka ei uønska hending.
  • Barnehagen tek kontakt ved åtferd som bekymrar
  • Barnehagen set i gang prosedyren om mobbing/utestenging og det vert skrive referat

Barnehagen sine forventningar til foreldre

  • Foreldre kontaktar pedagogisk leiar eller styrar og ber om ein samtale for å prata om ting dei er urolege for angaånde barnet
  • De pratar positivt heime om barnehagen, dei tilsette og barna i barnehagen
  • Foreldre er barna sine viktigaste rollemodellar, ver derfor varsam i samband med kva som vert sagt medan barna høyrer på
  • De respekterer verdien av bringe/hentesituasjonen i barnehagen. Legg vekk telefon og andre forstyrrande element og gje barnet merksemd.
  • Foreldre les informasjon og held seg oppdatert i dei kanalane de har tilgang til informasjon frå