Eidfjord kommune

Tilknytningsstopp Sysendalen

Det er for tida tilknytingsstopp for avlaup for byggetiltak i Sysendalen avgiftsområde. Det vert gjeve byggeløyve i Sysendalen men det vert inntil vidare ikkje gjeve løyve til påkobling til spillvassnettet, kalla sanitærabonnement. Eidfjord kommune jobbar med å få på plass midlertidige tiltak slik at ein kan gje løyve til sanitærabonnement frå hausten 2023. Sanitærabonnement må vera godkjend av kommunen før søknad om midlertidig brukstillatelse eller ferdigattest. Eidfjord kommune beklager for den risikoen og dei ulempene denne måtte ha for deg som tiltakshavar. Ynskjer du utfyllande informasjon kan du ta kontakt med Eidfjord kommune, og henvendinga vil verta vidareformidla til rette vedkommande

Vatn og avlaup