Fysioterapi

Fysioterapi

Ta direkte kontakt med oss for å bli satt på venteliste - du treng ikkje lenger henvisning frå lege.

Kontaktskjema om fysioterapi

Eidfjord har 1,5 stilling innan fysioterapi og er lokalisert i kjellaren under helseavdelinga på kommunehuset. 

Den grunnleggjande oppgåva er å betra mennesket si funksjonsevne. Fysioterapeuten arbeider med menneske som vert utsette for eller utviklar sjukdom, lidingar eller plager i bevegelsessystemet. Ei av dei viktigaste oppgåvene er å skapa forståing for korleis sjukdom og skadar oppstår, slik at det og blir eit eige ansvar å førebyggja

Behandlingsformer

Fysioterapeuten vel behandlingsform og metode etter ei grundig undersøkjing og etter pasienten sitt behov. Dei ulike behandlingsformene er øvingar, trening i ulike former, massasje, kulde/varmepakningar, elektroterapi, psykomotorisk behandling og manuell terapi.

Ansvarsområde

Fysioterapitenesta har ansvar for og arbeider i høve til alle aldersgrupper. Me arbeider førebyggjande og aktivt behandlande i høve til alle grupper. Me deler ansvarsområda i:

  • Fysioterapi for barn 0 - 16 år
  • Fysioterapi for ungdom/ vaksne 16 - 66 år
  • Fysioterapi for eldre over 67 år
  • Habiliterings- og rehabiliteringstenesta

Kontakt

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
08.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00