Kommuneplan samfunnsdel

7 Arbeidskommunen

7.1 Sysselsetjing, kompetanse og næringsliv

Dei fleste i Eidfjord har sitt yrke knytt til offentleg sektor, samt i reiselivsnæringa, småverksindustri, jordbruk og vasskraftproduksjon. Det  er viktig å skapa nye arbeidsplassar. I tillegg lyt me styrka og vidareutvikla etablert næringsliv knytt til marknadsutvikling, samt gje grobotn for utvikling og stimulera gründermiljøet. Kommunen si rolle i næringsutvikling  er å vera etablerarvegleiar, tilretteleggja for forretningareal og næringsareal.   

Mål
Me skal

  • vera ein aktiv vertskommune for næringslivet
  • syta for at det vert enklare å etablera nye arbeidsplassar
  • arbeida for at det vert etablert nye arbeidsplassar innan reiselivsnæringa, direkte og indirekte
  • støtta næringslivet i deira arbeid med kvalitets- og kompetanseutvikling
  • arbeida for at det vert offentlege arbeidsplassar i kommunen
  • ha eit livskraftig landbruk som produserer mat og held kulturlandskapet i hevd
  • styrka  samarbeid og samhandling mellom kommunen og næringslivet og mellom dei ulike næringslivsaktørane

Strategi:
Me skal verta ein aktiv vertskommune for næringslivet ved å

  • ha rask og effektiv sakshandsaming
  • ha oppdaterte retningsliner for næringsstøtte
  • satsa på god infrastruktur til/frå kommunen ved t.d. å arbeida med realisering av Hardangerviddatunnelen
  • marknadsføra Eidfjord som arbeidskommune gjennom tilgjengelege kanalar

Me gjer det lettare å etablera nye arbeidsplassar ved å

  • støtta opp om etablerarar ved t.d. rettleiing og søknadshjelp
  • arbeida for ein “node” i Eidfjord av ein større næringshage
  • ha ein arealplan med næringsareal
  • arbeida for at det finst ledige næringslokale i offentleg eller privat eige.
  • medverka til regionale næringssatsingar som gjev arbeidsplassar for innbyggjarar i fleire kommunar
  • styrkja samarbeid og samhandling mellom kommunen og næringslivet, og mellom dei ulike næringsaktørane 

Me får etablert nye arbeidsplassar innanfor reiselivsnæringa, direkte og indirekte ved å

  • stimulera til satsing for nye målgrupper i reiselivet  knytt til skuldersesongen 
  • stimulera til å betre utnytta synergieffekten av eksisterande store arrangement


Me støttar næringslivet i deira arbeid med kvalitets- og kompetanseutvikling ved å 

  • informera om moglegheitene som finst ved bruk av studiesenteret
  • informera om nettverk der ein kan utveksla kunnskap og erfaringar 
  • gje økonomisk støtte til Næringslaget slik at dei kan arrangera kurs og konferansar for bedrifter i Eidfjord

Me arbeider med å oppretthalda offentlege arbeidsplassar i kommunen ved å

  • ha solide offentlege tenester
  • arbeida i ulike fora for å få etablert offentlege arbeidsplassar i Eidfjord
  • ha høg kompetanse innanfor dei ulike fagområda
  • arbeida aktivt i interkommunale fora slik at fagavdelingar vert lagt til Eidfjord 


Me får eit livskraftig landbruk som produserer mat og held kulturlandskapet i hevd ved å

  • arbeida for å auka kunnskapen om og forståing for kor viktig landbruket  er for å oppretthalda kulturlandskap, kulturmiljø, steingardar, gamle frukthagar, bygningar, vatningsveiter m.m
  • informera landbruksentreprenørar om ulike tiltaksordningar knytt til alternativt landbruk og attåtnæringar
  • stimulera til produksjon og sal av lokal mat 
  • stimulera til nye tiltak innafor landbruket


Me får styrka  samarbeid og samhandling mellom kommunen og næringslivet, og mellom dei ulike næringslivsaktørane ved å

  • ha jamlege  møte med næringslaget
  • vidareføra og styrkja samarbeidsforum i Eidfjord
  • ha heilskapleg marknadsføring av Eidfjord- med felles layout for reiselivet og andre næringsaktørar/ forretningsaktørar
  • arbeida for at me har felles overordna mål og kva  retning utviklinga skal gå 
  • auka kunnskapen og forståinga av at me vert sterkare gjennom samarbeid