Kommuneplan samfunnsdel

8 Kommuneorganisasjon

For å oppnå best mogeleg straumlinja tenesteyting til beste for innbyggjarane, er det naudsynt å tenkja samhandling. Dette må skje på alle nivå i organisasjonen, mellom ulike nivå og etatar, mellom kommunen og innbyggjarane, samt i høve  til eksterne medspelarar. Det skal vera god kvalitet på tenestene våre, og kvar enkelt skal få dei tenestene som dei har krav på . Gjennom samhandling og samarbeid ønskjer me å vidareutvikla og styrkja det viktige utviklingsarbeidet som frivillig sektor gjer for Eidfjordsamfunnet.

Mål: 

  • ha eit god samarbeid mellom politikarar og administrasjon
  • vera ein attraktiv arbeidsplass
  • vera ein nytenkjande og lærande organisasjon
  • yta god service
  • samarbeida med andre kommunar for å løysa noverande og framtidige utfordringar
  • ha eit godt samarbeid med offentlege instansar
  • involvera innbyggjarane i utviklinga av Eidfjordsamfunnet
  • styrkja samarbeidet med frivillig sektor

Strategi:
Me får eit godt samarbeid mellom politikarar og administrasjon ved å

  • ha ein klår rollefordeling og arbeidsdeling mellom politisk og administrativt nivå
  • ha gode rapporteringsrutinar og styringsverkty
  • vera gode ambassadørar for Eidfjord kommune som organisasjon og tenesteprodusent 

Me vert ein attraktiv arbeidsplass ved å

  • ha god personalpolitikk som speglar kommunen si  verdiplattform; likeverd, tillit, respekt, ærlegdom, lojalitet
  • satsa aktivt på kompetanseutvikling og la medarbeidarane ta del i utviklinga av tenestene
  • arbeida aktivt for å få ned sjukefråværet
  • ha fleksible og gode arbeidsordningar 

Me får ein nytenkjande  og lærande organisasjon ved å 

  • gje tid og rom for kreativitet, utprøving og fleksibilitet 
  • fokusera på det me får til, og læra av det
  • satsa på utviklingsarbeid og kompetanseheving, gjerne i samarbeid med KS og andre kommunar og aktørar

Me yt god service ved    

  • at alle tilsette i Eidfjord kommune har ansvar for god service til innbyggjarane og andre
  • å gje raske svar
  • verta ein «e-kommune» med ei god heimeside, der alle kan finna informasjon og få utført tenester digitalt
  • ha offentleg informasjon tilgjengeleg på fleire språk
  • nytta sosiale medium i dialog med innbyggjarane
  • ha moderne , integrerte IKT-verktøy i alle tenesteområde der dette er tenleg

Me får eit godt samarbeid med andre kommunar for å løysa noverande og framtidige utfordringar ved å

  • vera ein aktiv aktør i Hardangerrådet 
  • vera aktiv for å få til interkommunalt samarbeid på område der dette kan styrkja tenestene og let seg gjennomføra praktisk

Me får eit god samarbeid med offentlege instansar ved å 

  • ha ein aktiv dialog med aktuelle statlege og fylkeskommunale instansar, både politisk og administrativt
  • ha eit god samarbeid med Statens Vegvesen for å sikra framtidig utbetring av vegnettet
  • halda fram samarbeidet med politi- og lensmannstenesta om eit- «i vid tyding»- trygt Eidfjordsamfunn

Me involverer innbyggjarane i utviklinga av Eidfjordsamfunnet ved å 

  • gjennomføra prosessar for medverknad i planarbeid
  • nytta sosiale medium i dialogen med innbyggjarane
  • nytta heimesida aktivt
  • engasjera lokalmiljø, og særleg barn og unge, i viktige politiske prosessar og saker

Me får styrka samarbeidet med frivillig sektor ved å 

  • aktivt  kommunisera med aktørar innan frivillig sektor
  • kunna bidra økonomisk til aktivitet i frivillig sektor
  • ha ein aktiv rolle med å formidla eksterne tilskotsordningar
  • oppmuntra og ta vare på eldsjeler
  • vera lyttande, merksam og hjelpsam når aktørar frå frivillig sektor ønskjer å iverksetja aktivitetar