Kommuneplan samfunnsdel

3 Satsingsområde i planperioden

Eidfjord kommune har tre hovudsatsingsområde i kommuneplanen for 2015-2025:

  • Bukommunen Eidfjord
  • Opplevings- og besøkskommunen
  • Arbeidskommunen

Bukommunen Eidfjord

Dei tre satsingsområda er valde fordi dei inneheld alle sider ved eit livskraftig lokalsamfunn. Me vil at innbyggjarane våre skal oppleva livskvalitet, og at Eidfjord skal vera ein trygg stad å veksa opp. Me ønskjer ein god bukommune for både gamle og nye innbyggjarar der ein kan leva aktive liv, nyta og medverka til kulturelt mangfald og der kvar enkelt er integrert i eit sosialt fellesskap.

Opplevings- og besøkskommunen

Opplevings- og besøkskommunen legg til rette for å nyta godt av den storslagne naturen og alt det han har å by på både for vitjande og innbyggjarane

Arbeidskommunen

Det er viktig å kunna ha eit trygt økonomisk tilvære for alle. Det får me når me veit at det er arbeidsplassar, anten i lokalsamfunnet eller i regionen. Ved å stimulera eksisterande næringsliv og leggja til rette for at nye bedrifter kan etablera seg, legg det grunnlag for å skapa arbeidsplassar. Det er med på sikra  trygg økonomiske tilhøve for innbyggjarane.