Fakta om Eidfjord

Eidfjord ligg inst i Hardangerfjorden i Vestland (tidl.Hordaland) og har ca. 960 innbyggjarar. Eidfjord kommune sitt areal er på 1500 kvadratkilometer, og av desse ligg 95 % over 600 meter over havoverflata. Det store arealet gjev god plass til både innbyggjarar, næringsliv og friluftsliv.

Eidfjord er ein kraftkommune og kraftinntektene gjer at kommunen kan tilby gode offentlege tenester. Hovudnæringane er reiseliv, kraftproduksjon og handel. Kommunen er også ein av dei store arbeidsgjevarane.

I Eidfjord har me også kino, kunstgalleri, bibliotek, natursenter, idrettshall, slalombakke og uavgrensa moglegheiter for utandørs aktivitetar. Berre ein kort biltur tek deg til Hardangervidda, Nord-Europas største fjellplatå. 

Menneskeleg aktivitet har sett sine spor på landskapet med jernalder- og vikinggravene på Hereid, og dei mange historiske bygningane i Eidfjord sentrum.

Det er kombinasjonen av den veksande økonomien, naturen, den unike kulturen og menneskeleg aktivitet over fleire hundre år som har gjort Eidfjord til den staden den er i dag.