Røyst på valdagen
Valdagen er måndag 13. september 2027.
Her kan du røysta
- Valkrins: Eidfjord
- Røystestad: kommunehuset, kommunestyresalen
- Opningstid: kl. 10.00 til 20.00
På valdagen kan du berre røysta i kommunen der du var folkeregistrert busett per 30. juni 2027.
Dersom du møter opp før vallokalet stengjer kl. 20.00, har du rett til å røysta.
Førehandsrøyst dersom du ikkje kan røysta på valdagen
Du kan førehandsrøysta frå 10. august til 10. september 2027.
Førehandsrøysting på kommunehuset
- Måndag til fredag: kl. 10.00 til 14.00
- Laurdag 4. september: kl. 10.00 til 14.00
- Torsdag 9. september: kl. 10.00 til 18.00
Førehandsrøysting på Bygdaheimen
- Torsdag 9. september: kl. 10.00 til 14.00
Du kan førehandsrøysta i kva kommune du vil, uansett kvar du er folkeregistrert busett i Noreg.
Tidlegrøysting
Dersom du ikkje har høve til å røysta i den ordinære førehandsrøysteperioden eller på valdagen, kan du tidlegrøysta mellom 1. juli og 9. august 2027.
Du må avtala tid med kommunen der du ønskjer å røysta.
Vil du tidlegrøysta i Eidfjord?
Ta kontakt med tenestetorget:
Be om heimerøysting
Dersom du på grunn av alder, sjukdom eller andre årsaker ikkje kan koma deg til eit røystelokale, kan du be om heimerøysting.
Ein valmedarbeidar kjem då heim til deg og tek imot røysta di.
Frist for å be om heimerøysting
Du må ta kontakt med tenestetorget seinast 9. september kl. 12.00.
Sjekk om du står i manntalet
Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn i resepsjonen på kommunehuset når det er klart, vanlegvis i første halvdel av juli.
Manntalet byggjer på opplysningar i Folkeregisteret per 30. juni 2027.
Hugs:
- På valdagen kan du berre røysta i kommunen der du var folkeregistrert busett per 30. juni.
- Ved førehandsrøysting kan du røysta i kva kommune du vil.
Ta med legitimasjon
Dersom røystemottakaren ikkje kjenner deg, må du visa legitimasjon med bilete.
Ta derfor gjerne med legitimasjon når du skal røysta.
Organisering av valet
Formannskapet er valstyre for kommunestyre- og fylkestingsvalet i Eidfjord.
- Leiar: ordførar Timo Knoch
- Nestleiar: varaordførar Kari Lægreid
Valstyret har delegert delar av gjennomføringa av valet til kommunedirektøren. Linda Ågotnes Kaland og Britt Karin Langøy er valansvarlege.
Kontakt oss om du har spørsmål
Har du spørsmål om valet, tidlegrøysting eller heimerøysting, kan du ta kontakt med tenestetorget:
Godt val!