Parkering og ladestasjonar i EidfjordArtikkelen gjer deg innsikt i tilhøver for parkering og ladestasjonar i Eidfjord. LadestasjonarVed kommunehuset i Eidfjord, ved Fossatromme/Vøringsfossen og ved Maurset landhandel i Sysendalen har me ladestasjonar for el-bilar.Eidfjord sentrum1 stk hurtigladestasjon (Grønkontakt)8 stk ladestasjonar (Eviny)8 stk Supercharger for Tesla, opp til 120 kW Fossatromme/Vøringsfossen16 stk Superharger for TeslaTesla sine supercharger-ladestolpe nummer 2000 i Norge ligg her, opna 8. juli 2024Maursetparken9 stk ladestasjonar (Eviny) 12 stk Supercharger for TeslaLadestasjonane på begge stadar støttar alle typar el-bilar (CCS, CHAdeMO og AC Type 2)Offentlege parkeringsplassar i Eidfjord sentrumDet er mykje køyretøy i Eidfjord sentrum i høgsesongen, det kan vera utfordrande å finna parkeringsplass. Kartutsnittet under syner oversikt over offentlege parkeringar i Eidfjord. Me ber brukarar av parkeringane fylgja skiltreglane for kvar stad. Parkeringane skal berre nyttast på dagtid. Offentlege parkeringar i Eidfjord sentrum.Bussparkeringar i Eidfjord sentrumOmråder avmerka med “P”, Kjerøyna og bak Joker, kan nyttast til bussparkering for besøkande. Området innanføre raud markering ned mot cruisekaia i Eidfjord er reservert til bussar knytta til cruisetrafikk, kun etter avtale med Visit Eidfjord KF. Bussparkeringar i Eidfjord sentrum. Publisert 10.04.2019 20.03 Sist endra 08.08.2024 12.30