Bustadprosjekt i KyrkjevegenNye bustader i Kyrkjevegen – moderne og sentralt i Eidfjord. Eit nytt prosjekt kjem i eit etablert og attraktivt område, utvikla på delar av kommunale BKS3 etter anbod frå Eidfjord kommune i 2025. Publisert 16.03.2026 09.30 Sist endra 11.05.2026 10.52 Etter gjennomført konkurranse vart Voss Byggsenter AS vald som tilbydar, og det er no inngått avtale om sal av tomta BKS3 med utvikling av bustadprosjektet mellom Eidfjord kommune og Voss Byggsenter AS. Prosjektet er planlagt med totalt åtte bueiningar, fordelte på tre bygg. Voss Byggsenter AS har utarbeidd førebelse skisser som illustrerer moglege løysingar for utforming av området.Vidare informasjon om sal, prisar og marknadsføring av bueiningane vert handtert av Voss Byggsenter AS som den nye heimelshavar. Meir informasjon om prosjektet er tilgjengeleg på Voss Byggsenter AS si nettside: Kjem for salg 2 og 4-mannsbustad i Eidfjord | Blink HusOversiktsbilde over prosjektet