Tilknytning Sysendalen avgiftsområde Eidfjord kommune

Informasjon om tilknyting på Sysendalen reinseanlegg.

Nye tilknytingar i avlaupsområde Sysendalen

Eidfjord kommune er i sluttfasen med å etablera eit nytt reinseanlegg for Sysendalen. Det noverande reinseanlegget har ikkje kapasitet til fleire tilkoplingar, og kommunen kan difor ikkje knyta nye abonnentar til det offentlege avlaupsnettet før det nye anlegget er i drift. Det har vore stopp i nye tilkoplingar til det offentlege leidningsnettet sidan oktober 2024.

Arbeidet går etter planen

Arbeidet med det nye reinseanlegget går etter planen. Kommunen reknar med å testa og starta opp anlegget i byrjinga av februar 2027.

Kva tyder tilkoplingsstoppen?

Tilkoplingsstoppen påverkar søknader om frådeling og bygging i Sysendalen. Kommunen kan i dag ikkje gje løyve til nye eigedomar eller byggjetiltak som skal knytast til det offentlege avlaupsnettet.

Dersom det ligg føre utsleppsløyve etter forureiningslova for tett tank eller eige mindre reinseanlegg, kan kommunen gje delings- eller byggjeløyve. Då må det vera eit vilkår at eigedomen vert knytt til det offentlege avlaupsnettet når det nye reinseanlegget er klart.

Når kan kommunen opna for nye tilkoplingar?

Kommunen har vore i dialog med Statsforvaltaren i Vestland. Statsforvaltaren har opplyst at kommunen kan opna for tilkopling til avlaupsnettet ei tid etter at det nye reinseanlegget vert sett i prøvedrift. Dette føreset at anlegget fungerer som det skal. Etter forureiningslova § 7 har kommunen plikt til å hindra ulovleg forureining.

Dersom alt går etter planen, kan kommunen opna for nye tilkoplingar frå 1. mars 2027.

10.10.2024

Miljødirektøratet har vedteke at “Etter 10. oktober 2024 kan det ikkje finne stad nye tilknytningar til Isdøla og Maurset reinseanlegg”.

Sjå meir her: 

Tilknyttingsstopp Sysendalen

13.05.2024

Eidfjord kommune har nå fått på plass midlertidige tiltak for avlaup i Sysendalen slik at ein kan gje løyve til sanitærabonnement.

Kommunestyre vedtak nr 23/025, dato: 13.3.23

Eidfjord kommune tillèt ikkje nye tilknytingar til avløpsanlegga Isdøla og Maurseth reinseanlegg i Sysendalen avgiftsområde. 
Eidfjord kommune har sett i gang arbeidet med å etablera nytt reinseanlegg i Sysendalen avgiftsområdet. Rådmann skal i samarbeid med partane finna og setja i verk mellombelse tiltak for tiltak under oppføring. Likeins mellombelse tiltak som kan handsame ny utbygging i avgiftsområdet. Status, framdrift og kostnadar rapporterast til formannskapet og økonomiske konsekvensar vert innarbeidd i dei økonomiske tertialrapportane til kommunestyret.

Les heile sakutgreiinga ved å søke i arkivsak 21/607

Pressemelding frå Rådmannen 17.02.2023

Det vert med bakgrunn i belastninga på Isdøla og Maurseth avlaupsreinseanlegg i Sysendalen avgiftsområde innført tilknytningsstopp til anlegga.

Tilknytningsstopp vert innført administrativt med umiddelbar verknad frå kunngjering og fram til kommunestyremøte 13 mars 2023.

Det vil i kommunestyremøte 13 mars koma opp sak om tilknytningsstopp skal vera permanent med virkning fram til nytt reinseanlegg er på plass i Sysendalen.
Det vert arbeid med å avklara moglege avbøtande løysingar fram til nytt reinseanlegg er på plass.

Bakgrunnen for stopp i tilknytning er overbelastning på reinseanlegga slik det er i dag. Eidfjord kommune kan ikkje godkjenna nye byggjetiltak som gjer at anlegga vert ytterlegare overbelasta.

Det vil koma ytterlegare informasjon til dei som har pågåande byggjearbeid så snart kommunen har det klart. 
Eidfjord kommune beklager ulempene dette måtte ha

Eidfjord 17.02.2023

Magnus Steigedal 
Rådmann

Kontakt