VA-rammeplan i planarbeid

Til fyrstegongshandsaming av alle reguleringsplanar skal det inngå ein rammeplan for vatn, avlaup og overvatn for planområdet. Planen skal syna ei prinsippløysing for vatn og avlaup i området i samanheng med eksisterande system. Overvasshandtering og flaumvegar skal synast i rammeplanen.

 Ved oppstart av reguleringsplanarbeid skal system for vatn, avlaup og overvatn for området gjennomgås. Ein skal gjennomgå eksisterande anlegg innanføre plangrensa, samt syna prinsippløysing for nytt område med utbygging. Planen skal ta føre seg overvasshandtering og flaumvegar. Omfanget av VA-rammeplanen vil variera ut i frå reguleringsplanens type, storleik og kompleksitet. Artikkelen tek føre seg grunnprinsippa og mal for korleis dokumentet bør utformast.

Føremål med VA-rammeplan

VA-rammeplanen har som føremål å avklara dei fleste vassrelaterte forhold tidleg i reguleringsplanprosessen. Reguleringa skal skje etter føresegn og lovheimlar, med aktsemd til områder innanføre og utanføre planområdet. 
Fyrst og fremst skal framlagte løysingar for VA gjelda for området innanføre plangrensa, men i nokre tilfeller må ein sjå større på området og omtala områder utanføre. Det gjeld til dømes for flaumvegar oppstraums og nedstraums for eit større nedbørsfelt.

Planen skal ta føre seg eksisterande VA-nett, og syna til naudsynt kapasitett på nettet ved eventuelle tiltak. Forhold til anna infrastruktur må også avklarast. Det skal sikrast tilstrekkeleg avstand til bygningar og konstruksjonar, fira meter som hovudregel, som skal sikrast gjennom VA-rammeplan. 

VA-rammeplanen er ikkje juridisk bindande i seg sjølve, men skal fremja forslag til føresegn som er naudsynt inkludert i reguleringsplanen for å ivareta løysingane som føreslås. Dette for å sikra tilstrekkeleg vasskapasitet til einingar, samt sikra at overvass og flaum ikkje utgjer ein risiko. 

VA-rammeplanen er eit vedlegg til reguleringsplanen, og skal i så måte kunna lesast isolert frå reguleringsplanen. 
Eidfjord kommune ved VA-avdelinga vurdera VA-rammeplanen sin løysing i kraft av rolla som eigar av offentleg VA-infrastruktur.

Innhald i VA-rammeplan

  • Syna prinsippløysing for vann, avlaup og overvasshandtering i reguleringa
  • Avdekka utfordringar knytt til vass, avlaup og overvasshandtering ved regulering
  • Føreslå tiltak for å handtera utfordringane
  • Føreslå føresegner, rekkefylgjekrav eller arealføremål i plankartet for å ivareta omsyn til vass- og avlaup, og overvatn

 

Sjekklista for utarbeiding av VA-rammeplan

Ved utarbeiding av ein VA-rammeplan er det viktig å undersøka punkta under:

  • Eigarskap til VA-infrastruktur
  • Utredning av vassforsyning og forsynsingssikkerheita 
    • Behov for brannvatn
    • Dimensjonering av hovudleidningar
    • Tilkoplingspunkt for nye hovudleidningar
  • Spillvannsforhold 
    • Offentleg eller privat avlaupsanlegg
    • Førespeila pe for tiltaket
    • Sjølvfall, eller behov for pumping 
  • Utreda overvassavrenning før og etter utbygging
  • Ved aktsemdssone for flaum i området, må sikkerheit mot flaum og erosjon utredast
  • Ivareta vassmilljø mot bekker, elver og kyst

 

Døme på disposisjon VA-rammeplan

  1. Innleiing
    1. Kort bakgrunn for utarbeidinga av VA-rammeplanen. Kven har bestilt, og kven har utført arbeidet.
  2. Planomtale
    1. Eksisterande forhold
    2. Prinsippløysing VA
    3. Vassforsyning 
    4. Avlaup
    5. Overvass- og flaumhandtering 
  3. Rekkefylgjekrav og føresegn
  4. Vedlegg

 

Sjekk leidningsdata

Store deler av kommunen sitt leidningsnett ligg tilgjengeleg via Kommunekart.  Ved behov for ytterlegare informasjon, ber me de ta kontakt med Eidfjord kommune. 
Sjå Eidfjord kommune sin VA-norm for standard for VA-anlegg.