SFO skuleåret 2021-2022

Me ynskjer at alle føresette i komande 1.klasse går inn på heimesida til kommunen, og ser kva tilbod SFO på Lægreid skule har. De får mail frå skulen når klassen er oppretta i Visma Flyt Skole, og de kan då gå inn og registrere ynskja SFO-tilbod frå 16.august.
Dersom ein ynskjer å bestille dagar eller veker på sommar-SFO (2.-11.august), gjer ein det på mail: skule@eidfjord.kommune.no.

Born som allereie er i SFO, har fått informasjon om sommar-SFO og komande skuleår i SFO-post nr.4. 

Frist for bestilling av sommar-SFO og registrering av SFO-tilbod for komande skuleår, er 1.mai.

Sjå elles SFO-vedtekter på heimesida for meir informasjon.

Skule