Er du budd på ein krisesituasjon? Tenk over kva for farer og ulukker som kan råka deg heime, og førebu deg best mogleg. Dersom straumen vert vekke eller du vert isolert av været i fleire dagar, bør du vera rusta til å klara deg sjølv i minst ei veke.
Råd frå myndigheitene
Bakgrunnen for råd er å styrke beredskapen på alle nivå – også hjå befolkninga. Ein motstandsdyktig befolkning er grunnleggande for eit godt totalforsvar i Norge. Kommunar, nødetatar og frivillige organisasjonar må prioritera dei som ikkje klare seg sjølv utan hjelp under kriser.
Konsekvensar
Me leve i ei stadig meir uroleg verd, med mellom anna klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og – i verste fall – krigshandlingar kan ramme oss.
Me kan lære oss å redusere og handtere konsekvensar av ei krise.
Være forberedt på straumbrot, å ikkje ha reint vatn i springen, ikkje ha tilgang til å handle i butikk og ikkje ha tilgang til internett og å kunne bruke mobilen. Det er dette DSB gir oss i befolkninga konkrete tips og råd om korleis me kan forholde oss til.
Vurder risiko og sårbarheit i heimen din
DSB rår til at du tenkjer gjennom kva som kan skje, kva konsekvensar det kunne ha fått og korleis nettopp din familie ville ha handtert det. Finn ut kven som kan trenga di hjelp og korleis du kan bidra. Dersom du har utstyr du planlegg å nytta i ein naudsituasjon, ver kjend med korleis det vert nytta, og syt for at det virker.
Styrk din eigenberedskap
God eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dine nærmeste. I tillegg bidrar du til at myndigheitene kan prioritera dei som treng mest hjelp.
Ved å vera førebudd i ei veke blir du betre i stand til å handtere alt frå små forstyrringar i kvardagen til større kriser. I tillegg har du betre tid til å planlegge vegen vidare om krisa skulle bli langvarig. Hugs at nokon førebuingar er mykje betre enn ingenting!
Ha gjerne ein beredskapsvenn!
Sikker kvardag
DSB har ei informativ nettside som kan nyttast som ein god rettleiar; www.sikkerhverdag.no/nn
Her kan du finne for eksempel sjekkliste for eigenberedskap, korleis du lagrar drikkevatn og tips ved straumbrot.
Sjekkliste eigenberedskap