Er du bekymra for eit barn?

Du kan melda frå til barnevernet digitalt, som privatperson, offentleg tilsett, eller om du som barn vil melda frå om noko eller nokon som har det vanskeleg. 

Dersom det hastar

116 111

Alarmtelefon for barn og unge

112

Nødnummer

02800

Politiet

For barn og unge

Har du det vanskeleg heima, eller er du bekymra for korleis nokon du kjenner har det heima, kan du melda frå til barnevernet sjølv.

Privatpersonar

Dersom du er bekymret for om eit barn får god nok omsorg, bør du melda frå til barnevernet. Du trenger ikkje vera sikker på at noko er gale. Når du har sagt frå, er det barnevernet sin jobb å vurdera korleis meldinga skal følgjast opp.

Dei aller fleste som får hjelp av barnevernet, får hjelpa heime. Omsorgsovertaking skjer berre i dei mest alvorlege tilfella.

Bekymringsmelding til barnevernet - privatperson

Offentleg tilsette

Offentlig tilsette og andre med meldeplikt etter barnevernloven § 6-4 

Du har plikt til å melda frå til barnevernet, utan ugrunna opphald:

  • når det er grunn til å tru at eit barn vert utsett for alvorlege manglar ved den daglige omsorga eller annan alvorleg omsorgssvikt
  • når eit barn viser alvorlege atferdsvansker i form av alvorleg eller gjenteken kriminalitet, misbruk av rusmidlar eller ei anna form for utprega normlau åtferd

Bekymringsmelding til barnevernet - offentleg meldar

Kontakt

Hardanger Barnevern
Telefon 53 65 45 70
Mobil 97 55 85 10

Besøksadresse
Tyssedalsvegen 16, 3. etg
Meieriet Odda

Postadresse;
Opheimsgata 31, 5750 ODDA

E-post
postmottak@ullensvang.kommune.no